Når livet raknar: Møt Barnevernsvakta og Psykososial akuttvakt i Trondheim
Dei er der når barn og unge treng umiddelbar hjelp. Barnevernsvakta og psykososial akuttvakt i Trondheim er alltid på vakt, klare til å hjelpe når livet tek ei uventa vending.
Sist oppdatert: 25.11.2024
- Korleis har natta vore?
Klokka har passert 10, og det er tid for vaktskifte hos Psykososial akuttvakt Barnevernsvakta i Trondheim. Ute heng duskregnet i ein grå haustdag, men inne på kontoret er det lunt og luktar av nytrekt kaffi.
Vaktskiftet skjer to gonger i døgnet, klokka 10 og 22. Den same gruppa tilsette bemannar både Psykosial akuttvakt og Barnevernsvakta. Som akuttvakt har dei ansvar for Trondheim kommune døgnet rundt, og Malvik kommune utanfor ordinær arbeidstid. Som barnevernsvakt dekker dei både Trondheim og 17 andre kommunar.
Hausten 2024 fekk Psykososial akuttvakt nytt namn, tidlegare jobba dei under tittelen Kriseteam.
Engasjerte tilsette
- Det er utruleg å jobbe her, folk står på som berre juling. Det er alltid nok folk på jobb, seier avdelingsleiar Lise Krogstad Abelvik.
Kontoret er bemanna døgnet rundt. Dei tilsette har ei viktig rolle i å hjelpe barn, unge og familiar i krise. Dei handterer både barnevern- og krisesaker, noko som inneber to ulike mandat, datasystem og lovverk.
Dei er der når barn og unge treng umiddelbar hjelp. For guten som fortel på skulen at han blir slått heime. For babyen som har ei rusavhengig mor. For søstrene som er truga på livet av far sin.
Dei gir også råd og rettleiing til foreldre og andre vaksne som er bekymra for eit barn eller ein ungdom. Til dømes når foreldre ringar og seier at dei ikkje veit kva dei skal gjere.
Tilsette ved Barnevernsvakta og Psykososial akuttvakt har lang fartstid i å arbeide for trygge barn og unge. Dei er opptekne av førebygging, for å hindre at akutte kriser oppstår.
- Barn er alltid lojale mot foreldra sine. Dei er foreldra sine største hjelparar til å skjule at det står dårleg til heime. Sånn er det fram til 12 - 13-årsalderen, fortel vernepleiar Inger Marie.
- Når vi ikkje hjelper barna mens dei er små, blir det vanskelegare seinare. Problema blir større og viljen til å motta hjelp blir mindre. Til slutt kan vi ende i ein situasjon der det ikkje er meir tillit igjen.
Krisemøter
Så er dei andre telefonane, når politiet eller Akuttmedisinsk kommunikasjonssentral (AMK) ringer og ber dei rykke ut som psykososial akuttvakt. Dette skjer ved brå og uventa død, som ulykker eller sjølvmord, eller andre traumatiske hendingar.
- Eit ord eg aldri seier dit vi kjem som psykososial akuttvakt er “kondolerer”, fortel Inger Marie.
- Eg seier: "Hei, vi kjem frå Trondheim kommune. Korleis går det med deg? Kan vi få komme inn?
Det kan vere store skilnadar i kva dei møter, avhengig av om dei rykker ut som Psykososial akuttvakt eller Barnevernsvakta.
- Som psykososial akuttvakt får vi som regel takk for alt vi har gjort. Mange gonger har eg tenkt at vi eigentleg ikkje gjorde så mykje. Kanskje har vi berre trakta kaffi. Lytta til det dei sa. Men vi har vore der, og det er nok det viktigaste. At nokon kjem, lytter og tilbyr støtte.
- I rolla som barnevernsvakt er situasjonen ein annan. Då kan vi møte mykje sinne.
Knutepunkt mellom politi, helsevesen og pårørande
- Det er viktig å passe på kvarandre i denne jobben. At vi lagar positive rom, seier Trine, som også jobbar som sjukepleiar ved akuttmottaket på St. Olavs hospital.
Arbeidsplassen vitnar om kollegaer som bruker tid på å lære kvarandre å kjenne. På veggane heng liste over haustens lønningstreff. Prisen for årets beste kostyme. Barnebileta frå den gongen dei gjetta på kven som er kven.
- Vi blir godt kjent i denne jobben. Eg treng berre eit blikk frå ein kollega, så veit eg kva eg skal gjere, når det er alvor. Ja, vi møter kaos. Og vi prøver å få litt kontroll på førehand. Men det er klart, vi veit ikkje alltid kva vi har i vente, fortel Inger Marie.
Mykje av arbeidstida går med til å svare på telefonar og følgje opp saker på PC-en. Barnevernsvakta og Psykososial akuttvakt dekker eit stort geografisk område, og mange av sakene blir løyst over telefon. Dei blir eit knutepunkt mellom politi, helsevesen, foreldre, søsken og barn.
I tillegg til telefonane som går til Barnevernvaktea og Psykososial akuttvakt, er det ein ekstra telefon merka “Alarmtelefon”.
- Denne er mitt hjarte kjær, seier Inger Marie, og dobbeltsjekkar at den har nok straum.
Hit barn og unge kan ringe når som helst, uavhengig om dei har pengar å ringe for. Her er det alltid nokon som svarar. Og spennet i kvifor dei ringer er vidt. Nokon ringer fordi dei er redde for mørkret, andre ringer fordi dei er redde av kranglinga mellom mamma og pappa.
Skryt frå samarbeidskommune
Ein av kommunane som får hjelp frå Barnevernsvakta er Indre Fosen. Toril Aune Breimo er leiar for Fosen barneverntjeneste. Ho er heilt klar på kva ho meiner om jobben som blir gjort.
- Vi opplever at dei tilsette ved Barnevernsvakta har høg fagleg standard. Dei er reflekterte, opne for tilbakemeldingar og villige til å dele av kunnskapen sin. Eg er svært tilfreds med dette samarbeidet, seier Toril.
Når ho og hennar kollegaer loggar av PC-ane og går heim om ettermiddagane, er det med ei trygg kjensle av at sårbare barn og unge er ivaretatt.
- Eg veit ikkje kva vi skulle gjort utan Barnevernsvakta. Dei er heilt avgjerande for at vi kan drive ei god barnevernteneste i kommunen. Vi veit at det er nokon som rykker ut når kriser oppstår. Det gjer at vi kan senke skuldrene i fritida.
Sakene som ikkje slepp
Dei tilsette finn motivasjon i å hjelpe andre. Samtidig inneber kvardagen møter med ein brutal verkelegheit. Derfor arbeidar kollegiet kontinuerleg med å bearbeide hendingane dei møter i jobben. Dette er ikkje arbeidsplassen der ein kjem unna med eit enkelt “det går bra”.
Likevel er det nokre ting som heng ekstra i.
- Det er dei som vi ikkje klarar å hjelpe, der vi ikkje har tiltak som vi kan sette inn. Dei ber eg her, seier Inger Marie, og klappar seg bak på skuldra.
- Av og til går det ein tanke til den eller den ungen. Eg lurar på korleis dei har det no, kva liv dei lever. Når vi kan hjelpe er det lettare å legge saka frå seg.
- Noko som gjer særleg inntrykk på meg, er dei foreldra som ringer for å få hjelp. Dei som opplever å ha ein utagerande, valdeleg unge eller ungdom, som dei ikkje lenger klarer å handtere. Dei telefonane... Du høyrer kor slitne og fortvila foreldra er når dei ber om hjelp. Og det er ikkje alltid vi har tiltak som vi kan setje inn, fortel Lise.
Det er viktig for Barnevernsvakta å fortelje at det er trygt å ringe dei. At dei i tillegg til varsling, også kan brukast som nokon å prate med. At det kan vere ein slik telefonprat er det som skal til for å få hjelp til å puste med magen.
Fakta om Barnevernsvakta og Psykososial akuttvakt
- Barnevernsvakta er Trondheim kommune sin akuttberedskap knytta til lov om barnevernstenester. Dei dekker også 17 andre kommunar utanom kontortid.
- Dersom det oppstår situasjonar som krev umiddelbar hjelp frå barnevernet, rykker Barnevernsvakta ut. Dei har også ansvar for å legge til rette for beskytta samvær mellom barn og foreldre, etter barnelova.
- Også foreldre som treng råd i ei krise, kan ringe til Barnevernsvakta for å få snakke med nokon som kan hjelpe.
- Psykososial akuttvakt tilbyr psykososial støtte i Trondheim heile døgnet, og Malvik etter vanleg kontortid.
- Psykososial akuttvakt (akutt kriseberedskap), er første responder i kommunens akutte kriseberedskap saman med legevakta (akutt helseberedskap).
- Overfor pårørande følgjer det psykososiale akutteamet opp etterlatne og pårørande fram til rett etter gravferda. Dei kartlegg behovet for vidare oppfølging og hjelper til med å få på plass nødvendig hjelp i det ordinære hjelpeapparatet.
Oppvekst og utdanning
Helse og velferd