- Alle ungdomar er gode til noko

SLT-koordinatorane jobbar for å gjere Trondheim tryggare. Denne hausten blir det eit vaktskifte, når Even Ytterhus går av og Beate Støkkan tar over.

Sist oppdatert: 10.10.2024

En mann og en dame står ved siden av hverandre og smiler mot kamera. De er ute i grønne omgivelser.
SLT-koordinatorane Even Ytterhus og Beate Støkkan.

- Mitt livsmotto har heile vegen vore at alle ungdomar er gode til noko. Kunsten er å finne det, og bygge vidare på det, seier Even Ytterhus.

I over 20 år har Even vore SLT-koordinator i Trondheim kommune. I to tiår har han snakka med dei fleste lag av samfunnet - frå politikarar og fagfolk, til foreldre og ungdom.

Han meiner det er avgjerande å sjå forbi dei kriminelle handlingane og sjå individa bak.

Fakta om SLT-modellen: 
  • SLT står for samordning av lokale rus- og kriminalitetsforebyggende tiltak.
  • SLT-ordninga er eit samarbeid mellom politiet og kommunen. Målet er å førebygge kriminalitet blant unge.
  • Det er to SLT-koordinatorar i Trondheim kommune: Beate Støkkan og Tor Stinessen.
  • Gjennom åra har SLT fått ansvar for fleire områder. I dag jobbar dei også med førebygging av radikalisering og valdeleg ekstremisme, og førebygging av organisert kriminalitet og menneskehandel.
  • Formålet er å ha ein felles strategi for å forstå og handtere negative trendar i ungdomsmiljøa.

 

Ungdomskriminalitet

Når Even denne hausten går av med pensjon, er det i ei tid der ungdomskriminalitet på nytt pregar nyheitsbiletet.

Politiet er bekymra for aukinga i ungdomskriminalitet, både nasjonalt og i Trondheim. Rusbruk og grov vald er blant dei alvorlege problema.

- Utviklinga vi ser nasjonalt, ser vi også i Trondheim. Derfor samarbeidar vi også regionalt og med andre byar. Det er lærerikt for oss å vite kva tiltak som verkar hos andre, seier Beate Støkkan.

Beate er den nye SLT-koordinatoren i Trondheim. Ho tek over stafettpinnen etter Even, og bringer med seg verdifull erfaring frå førebyggande arbeid i politiet.

Bekymra over valdsbruk

Trondheim var tidleg ute med å etablere SLT-koordinatorar, alt i 2000. 

Sidan den gong har mykje skjedd i arbeidet med å førebygge ungdomskriminalitet.

- Det er færre ungdomar som blir meldt til politiet i dag, enn det var då vi starta SLT-arbeidet i 2000. Men vi ser ei utvikling der valden er grovare, utøvarane er yngre og jentene er blitt nesten like valdlege som gutane, fortel Even.

Den grove valden bekymrar:

- Dette er instrumentell vald, og nesten alltid driven fram av narkotika. Ofra blir filma og audmjuka, og videoane blir delt med veldig mange.

Samtidig seier Even at han er oppteken av å snakke fram det som blir gjort bra. Her får han støtte frå Beate. 

- Når det er mykje uro, er det lett å ty til raske løysingar. Men det er viktig å behalde roen og samle informasjon. Vi vil utvikle tiltak som gir varig endring, seier Beate.

Et arkivbilde i svart-hvitt viser opptøyer på Torvet. En mann i sivil blir pågrepet av uniformert politi, som er bevæpnet med hund og skjold.
På slutten av 1970-tallet var det fleire tilfeller av ungdomsopptøyar i Trondheim. Her frå Torvet. Fotografiet er publisert med løyve frå Even Ytterhus.

Knutepunktet

Det trengs ein landsby for å oppdra eit barn, heiter det i eit gammalt ordtak. Og det er ikkje færre som blir involvert, om det ber utfor i ungdomstida. Skule, helsevern, barnevern, politi og Uteseksjonen - for å nemne nokon. 

SLT-koordinatorane fungerer som eit bindeledd mellom ulike instansar som er involvert i førebyggande arbeid. Dei jobbar tett med både ungdomane, familiane deira og fagfolk for å skape eit godt samarbeid.

Even har vore med i SLT-arbeidet frå starten. Før det jobba han med førebyggande arbeid i politiet. Og det er ikkje slik at alt var betre før. 

Det var store ungdomsopprør i 1978, 1979 og 1980. 

- Ein politibil blei velta, og benkar og bord vart påtent. Gresvig Sport på Torvet blei plyndra, og ruter blei knust nedover Munkegata, minnast Even, og legg til: 
- Dette har nok mange gløymd.

SLT-koordinatorane understrekar at dei aller fleste ungdomane i dag, ikkje er kriminelle. 

- Men det er ei lita gruppe som utfordrar oss veldig. Ungdomane kan ha ein gjeng som ser opp til dei. Strategien blir då å finne leiarskikkelsane og hjelpe dei inn på eit anna spor. Når leiarane forsvinn, fell det som var rundt dei saman, fortel Even. 

Bildet er fra slutten av 1970-tallet. Et svart-hvitt bilde viser Munkegata full av røyk. En person kjører forbi på moped. Det er mindre gjenger spredt i området.
Frå ungdomsopptøyane på slutten av 1970-talet. Fotografiet er publisert med løyve frå Even Ytterhus.

Gjengangarprosjektet

At ei lita gruppe kan skape stor uro, er ikkje nytt i denne samanhengen. Då kommunen innførte “gjengangarprosjektet” i 2011, ville dei hjelpe ei lita gruppe på 11 gutar. Desse 11 var meldt til politiet over 400 gonger. 

Gjennom kartlegging av gutane sine liv, teikna det seg ut eit klart bilete over situasjonen.

- Alle gutane, utanom éin, hadde vakse opp under fattigdomsgrensa. 50 prosent vaks opp med ei psykisk sjuk mor, 50 prosent vaks opp i kjent rus- og valdsproblematikk. Ein av gutane hadde ein far som sjølv var dømd i over hundre saker. Fleirtalet hadde fedre i fengsel. Berre ein av gutane oppga at han ikkje ønska hjelp. Alle sårbarheitspunkta var tilstades. Dette var dei vi ikkje hadde lukkast med.

Gjennom prosjektet samla SLT-koordinatorane troppane. Gutane fekk sin eigen ressursperson som følgde dei opp i bydelane, og med tida såg prosjektleiarane god effekt. 

- I utgangspunktet hadde dei ikkje andre meistringsopplevingar enn vald og uro. Etter eitt og eit halvt år hadde dei framleis store utfordringar, men skapte ikkje lenger frykt i bymiljøet. Dei fekk hjelp av barnevern, helse og velferd, spesialpedagogikk, fastlege, Nav - det var mange involverte. Og det er dette som er jobben. Vi har ei kjempestor vifte med tiltak. Men det kan vere vanskeleg å få alle til å dra i same retning. 

Gjengangarprosjektet vart starta opp igjen i 2019, og er i dag eit pågåande prosjekt i Trondheim.

Gode relasjonar

Nettverket til Even er stort. Som det blir etter eit yrkesliv der han har jobba for samarbeid. 

Nokre gonger måtte det uortodokse løysinger til, som å følgje ungdom til skulesjefen for å få skuleretten tilbake. Mykje har handla om å finne nye arenaer der ungdomane opplever meistring. 

- Relasjonane varar lenge. Og har du berga ein ungdom, så har du rettferdiggjort løna di det året, seier Even.

Titt og ofte dukkar gamle kjente opp. Even fortel om ein ungdom som alle hadde gitt opp. 

- Han var ein skikkeleg "skrue". Det viste seg at han hadde ei stor interesse for lastebilar. Vi fekk han i kontakt med Lade motor og plutseleg var guten, som aldri hadde brydd seg om skule, ivrig etter å lære alt om lastebilar. Nokre år seinare såg eg han på Midtnytt, bak rattet på ein brøytebil. Då måtte eg sende ei melding og seie at det var veldig fint å sjå han og at det gjekk bra. Sånne ting er artig! 

- Trondheim er i ei særstilling

No er det ei ny tid for Even, som startar pensjonisttida med arbeid som prosjektleiar for kommunens sikkerheitsarbeid under ski-VM i Granåsen. I byen vil SLT-koordineringa halde fram som før, men med Beate i hans sko. 

- Eg kjem sikkert til å lære mykje i denne jobben, men trur også at eg har med meg mykje nyttig kunnskap frå førebyggande arbeid i politiet. Eg brenn for at Trondheim skal vere ein trygg by for alle, seier Beate.

Og ifølgje Even har Trondheim alle forutsetningar for å halde fram med godt førebyggande arbeid. 

- Trondheim er unik når det gjeld samarbeid på tvers av tenester. Vi er flinke til å finne felles løysingar og jobbe mot eit felles mål, seier Even. 

Han meiner dette er ein nøkkelfaktor for å skape ein trygg by for alle.

- Eg kjem til å sakne det sterke samarbeidet og dei gode kollegaene i Trondheim. Men det er ei tid for alt. Eg er trygg på at Beate vil gjere ein god jobb, avsluttar han.

Oppvekst og utdanning

Helse og velferd

Fant du det du lette etter?