Uteseksjonen - Ei trygg hamn gjennom 50 år
Med tiår av opparbeida tillit i ryggen går tilsette ved Uteseksjonen rundt i byen. Kvar dag er dei til stades som ein trygg base for ungdom i utrygge liv.
Sist oppdatert: 06.09.2024
- Riad! Riad!
Ei tenåringsjente kjem springande over torget, tek sats og kastar seg inn i armane til barnevernspedagogen som står klar.
- Så kjekt å sjå deg! Korleis har du det? spør Riad.
Samtalen flyt lett, som mellom to gamle vener. Om skule og jobb, om bustad og utleigarar. Invitasjonane om å stikke innom Uteseksjonen ein tur, er mange.
- Du veit at du alltid kan komme til oss når du treng ein prat eller råd? Også viss du treng berehjelp! Det er mange av oss som er gode på å løfte, seier Riad.
Barnevernspedagogen er ein del av Uteseksjonen i Trondheim. I 2024 er det 50 år sidan ein starta med oppsøkande, sosialt arbeid i byen. Arbeidet har gjennom åra vore kjend under fleire namn - Utekontakten, Ungdomsbasen og no Uteseksjonen.
Dei som veit
- Det oppsøkjande arbeidet vårt er respiratoren i systemet. Her ser vi tendensane i byen. Vi ser dei som er i ferd med å falle utanfor, og vi veit kva utfordringar dei møter, seier Riad.
Du har kanskje sett dei gå rundt i byen, sitjande stille på ein benk eller i samtalar med ungdom.
Der andre sine ansvarsområde stansar ved kontordøra eller skulegarden, er Uteseksjonen til stades i det daglege for ungdom som av ulike grunnar fell utanfor normen.
- Vi prøver å sjå det som for mange er usynleg, seier Efrem.
I løpet av ein dag er kontaktpunkta mange. I tillegg til ungdomane sjølv, snakkar dei gjerne med foreldre, skular, butikktilsette, vektarar, politi og helsepersonell. Og den samla kunnskapen Uteseksjonen får om byen er unik.
- Gata er for alle, men for nokon er gata det einaste dei har, seier Riad.
Vaklande start
Det skal godt gjerast å bygga solid på vaklande grunn.
Og det er ikkje alle som forlet heimen med ein robust grunnmur. Denne stødige ramma som gir eit feste i livet, bygga opp over år med familiemiddagar, innetider og varme klemmar.
For nokon av oss er byggverket ustabilt frå start. Og etterkvart som sprekkane vert fleire, vert det også vanskelegare å halde alt saman aleine.
Viss det var deg, ville du kanskje byrja tidleg med å leite etter støtte. Etter noko eller nokon som kan bere eit vaklande byggverk.
Kanskje finn du det hos ein god nabo, eller hos ein lærar på skulen som ser heile deg. Eller ute på gata, i møte med ein vaksen som står der i vêr og vind. Alltid med armane opne.
Nokon som hjelper deg med å tette sprekkane, bit for bit. Som finn fram til deg, som spør korleis du har det og som held fram med å stille opp. Dei som slepp det dei har i hendene om det trengs.
Fakta om Uteseksjonen:
Målgruppa er ungdom mellom 13 og 25 år.
Jobbar med rus- og kriminalitetsførebygging.
Er eit lavterskeltilbod for ungdom, familiar og samarbeidspartnarar.
Målet er å utvikle ungdomsvenlege tenester og hjelpe ungdom til å meistre eigne liv.
Du kan lese meir på Uteseksjonen sine nettsider.
Ut av klasseromma og inn i statistikken
Relasjonsbygging er arbeid som tek tid. Særleg når vaksne representerar noko utrygt, autoritet og motstand.
Dei tilsette i Uteseksjonen brukar timevis på å vere til stades i Midtbyen. Mange skyggar unna, dei fleste er skeptiske frå start. Men med tid, tolmod og innpass frå andre ungdomar finn Uteseksjonen ofte vegen inn.
- Når vi har brukt tid saman og dei er trygge på meg, det er då eg kan seie at “kompis, eg er bekymra for deg”. Det er då dei vil lytte til meg. Men dette er forpliktande arbeid. Tillit tek lang til å bygge opp, og ein augneblink å rive ned, fortel barnevernspedagogen.
Dette er vaksne som ser kven som trekk ut når andre går inn. Som med trente auge ser kven som er på veg ut av klasseromma og inn i statistikken. Som er der for dei som blir sittande aleine i kjellaren til MacDonald’s, mens jamnaldrande festar sommarnatta inn ved Theisendammen.
- Ofte jobbar vi med ungdom som ikkje er så synlege. Dei er få, men har mange og store utfordringar.
Ein trygg plass
- No skal du få sjå ein stad som er den trygge plassen for ein del av ungdomane våre, seier Riad.
Sentralbadet P-hus strekk seg fire etasjer ned i jorda. Fram til 2001 romma bygget både saltvannsbasseng, stupetårn og badstu. No hastar dei fleste til og frå, gjennom ein bygningsmasse i grå betong, støv og mørke, fuktige rom.
- Du kan jo tenke deg korleis det er her i førjulstida. Mange barnefamiliar som skal handle gåver og god mat. Kanskje skal dei i familiebesøk. Kontrasten er stor til ungdomane som søker hit for å få vere i fred. Mange av dei driv også med rus.
- Men det er også i slike situasjonar, på slike stader at vi knekk koden hos mange. At vi finn ein veg inn til å snakke om det vanskelege.
Utrygg ungdom er sårbar ungdom. Treffpunkta mellom ungt utanforskap og harde miljø er fleire. I oppsøkande arbeid er det også ein risiko involvert.
- Fleire eldre rusavhengige ønskjer å halde unge utanfor miljøet, men det er også krefter som vil trekke dei inn og som tener på rekruttering. For desse kreftene er vi ein motstandar, og i nokre situasjonar er vi utsette. Derfor går vi alltid i team under oppsøkande arbeid, forklarar Riad.
Den beste løna
Så, korleis er det eigentleg å jobbe med noko der utgangspunktet på mange vis er motstand? Tek du jobben med deg heim, eller legg du det frå deg på kontoret når vakta er slutt?
- Eg kan med handa på hjartet seie at alle vi som jobbar her har ein personleg motivasjon. Du kan ikkje stå i denne jobben utan å bry deg på ekte. Og på dei tyngste dagane, som viss vi mister ein ungdom, så er vi alle som éin.
Ofte vert bokstavar og diagnosar nytta til å forklare ungt utanforskap. Men ifølgje Riad er det først og framst tryggleik dei treng, ikkje merkelappar.
- Det seier seg sjølv at om du veks opp i tronge kår med åtte søsken og ei mor som er psykisk sjuk, så kjem du ikkje til å bli astronaut. Vi i samfunnet definerer oss bort i diagnosar, straff og konsekvens. Vi snakkar meir om integrering enn inkludering. Då legg vi ansvaret på minoriteten, mens vi kunne plassert det hos majoriteten. Kva er det vi gjer som fører til at nokon fell utanfor? Korleis skal vi hjelpe dei tilbake?
Heldigvis er det nokon i vi-et som stiller opp for kaotiske liv i eit stort system. Frå fengslingsmøter, sinneforebygging og rushjelp, til trygge samtalepartnarar og varme klemmar - nokon som losar vidare til ein trygg grunn.
Som ho i den lange frakken som er ferdig utdanna, med ny jobb. Som gir Riad ein klem og som kan seie “lenge sidan sist”.
- Eg kjenner meg heldig som får jobbe her. Eg får bli kjent med ungdomane, og eg blir veldig godt kjent med mange. No har eg jobba her i fleire år og ser at dei blir vaksne, seier Riad og legg handa over hjartet.
- Det eg kjenner når eg møter dei som mestrar livet som vaksne. Den løna finst ikkje i kroner.
Oppvekst og utdanning
Helse og velferd