Ordførarmiddag og kokkekunst på ungdomsskulen

Det var både nerver, latter og lokalmat då 9. trinn på Blussuvoll diska opp til matfest for ordføraren.

Sist oppdatert: 27.02.2025

En jente og en gutt i tenårene står ved en gryte på skolekjøkkenet. De har på forklær, smiler og gir tommel opp.
Matilde og Sverre stod for finnbiff til gjestane.

- Vent litt, no blei eg veldig stressa. No må dei snart bli ferdige!

Ein tenåringsgut lener seg over ei stor gryte med poteter, der det så vidt har byrja å boble i vatnet. Rundt han er det ein jamn ståk av skramlande oppvask, susande kjøkenvifter og ungdomslatter.

Det er matmanifestival på Blussuvoll ungdomsskule. Elevane i 9. trinn skal lage treretters middag og velkomstdrink til 60 personar.

- For dei aller fleste her er dette første gongen at dei lagar mat til så mange. Det er ei stor oppgåve, seier mat- og helselærar Wenche Liabø. 

Ei tenåringsjente plasserer stettglass med hul jus på eit brett.
9. klassingane serverte snål juice som velkomstdrink.

- Eg blir starstruck

Matmanifestdagen er blitt arrangert i Trøndelag sidan 2011. Blussuvoll var med i det første året, og har deltatt fleire gongar sidan.

Lokale råvarer står i sentrum. Her kokkelerast det med lokale ingrediensar, som skal bli til velkomstdrink, finnbiff, bidos og samiske festbrød. Det heile blir krona med ei ostekake til dessert.

Med ein slik meny, er det ikkje rart at dette er ein skuledag meir hektisk enn til vanleg.

At ordføraren er venta å ta turen, hjelper nok heller ikkje på nervene.

- Eg blir starstruck, kjem det frå ein gut på veg ut frå kjøkenet.

No har han fått beskjed om å mingle, som seg hør og bør for godt vertskap.

En gruppe ungdommer står rundt ordføreren, som prater og smiler
Ordførar Kent Ranum bidrog til litt ekstra nervøsitet, men kom heldigvis også med lovord om maten.

Om matmanifestdagen

Matmanifestdagen er ei årleg hending, som skjer den andre onsdagen i februar. Dagen er ei feiring av trøndersk mat og drikke, og det blir arrangert matlaging i heile regionen. Grønn Barneby bidrar med økonomisk støtte til innkjøp av lokale råvarer ved skular i Trondheim og Malvik, og Oi! mat og drikke er arrangør.

Markeringa har vore fast sidan Trøndersk Matmanifest tok form i 2011. Dette er eit dokument som skal skape meirverdi, styrke og vidareutvikle trøndersk matproduksjon og matkultur. Manifestet er det første av sitt slag i verda. 

To ungdomsjenter snakker til en gruppe.
Sigrid og Maria ønskte velkommen til bords.

Når enden er god

Omtrent samtidig som det byrja å koke i potetene, senka roen seg hos flesteparten av elevane.

Ein etter ein blir rettane ferdige, og plasserast ut på bordet.

Sverre har laga finnbiff for første gang i livet.

- Men eg har smakt det før, og det er ok. Eller, eigentleg er det ganske godt.

Maten kjem på bordet, både elevar og gjester skryt av maten. Ja, til og med ordføraren seier at det smakte. 

Og då er som kjent allting godt.

To ungdommer og en voksen dame rører i en gryte.

Mat- og helselærar Wenche Liabø hjelper til når det trengs.

Oppvekst og utdanning

Fant du det du lette etter?