Ræser: Læring med liv og røre

Gløym stillesitting og passive elevar. På Okstad skole er det ikkje berre bøker og tavler som gjeld. Her dansar elevane limbo og leikar vampyr for å lære om kroppen - alt takka vere Ræser, eit tilbod som gjer skolekvardagen meir aktiv.

Sist oppdatert: 12.02.2025

Vi ser ein klasseromssituasjon, der ei gruppe elevar i 8 - 9-årsalederen sitt i gruppe rundt læraren som står ved tavla. Fleirtalet av barna har hånda i veret.
I klasserommet til 3. klasse på Okstad skole vekslar elevane mellom leik og læring. Lærar og prosjektkoordinator Tina Magdalene Tungen fortel at dei merkar at dette er positivt for elevane. Ræser er eit gratis tilbod til skolar og familiar med fokus på leik, samhald og auka kvardagsaktivitet.

- Er det nokon her som har kjent at hjartet bankar ekstra når ein spring? 

Lærar og prosjektkoordinator Tina Magdalene Tungen underviser elevane i 3. klasse ved Okstad skole. Spørsmålet frå læraren blir møtt med eit samla “jaaa” og eit titals hender som skyt i været.

Det er ein konsentrert elevgjeng som følgjer undervisninga. Og elevane kan mykje om hjartet - om kvifor det slår, at det byrjar å slå alt når babyen er inne i magen og at hjartet som er i kroppen ser heilt annleis ut enn dei hjarta vi vanlegvis teikner.

Men timen dei følgjer er ikkje tradisjonell klasseromsundervisning. Her blir det veksla mellom skrivetrening ved pulten, gruppearbeid og leikestunder med fysisk aktivitet. Okstad skole er nemleg ein av 36 skular i Trondheim som deltar i ræserturneringa.

Seks barn i 8-årsalderen leker og ler.
Kanskje blir det lettare å lære om hjartet, når ein også får leike litt vampyr?

Om Ræser

Kort fortalt er Ræser eit gratis tilbod til alle skolar, med fokus på leik, samhald og kvardagsaktivitet. Skoleopplegget er laga for elevar frå 2. til 4. trinn. 

- Formålet er å få meir fysisk aktivitet inn i klasserommet. Barna responderer bra på å få litt pausar, fortel Tungen.

Denne våren er Tungen prosjektkoordinator for Ræser, og er ansvarleg for tilbodet som blir rulla ut i trondheimsskolen. 

Ei gruppe med elever i 3. klasse er på veg ut av klasserommet, og dansar limbo under ei stang i døra.
Elevane i 3. klasse er blitt ekspertar på å danse limbo når dei skal ut av klasserommet.

Frå 27. januar til 27. februar er det ræserturnering i Trondheim, der 4200 barn er med på leiken. Her får elevane moglegheit til å sanke poeng for fysisk aktivitet, både på skolen, heime og ute. 

Lærarane får også ei pakke med 70 “ræserkort”, der det er forslag til aktivitetar som lett lar seg gjennomføre i eit klasserom. Dette kan vere alt frå “stein, saks, papir” og vampyrleiken, til rolege aktivitetar som yoga og avspenning.

Sjølv om ræserturneringa er ferdig i slutten av februar, kan elevane halde fram med å sanke poeng og få premiar heilt fram til august 2025. 

Så langt tyder tala på suksess: hittil i år er det 94 962 registreringar med totalt 243 731 aktivitetar. Det vil seie at kvar elev i gjennomsnitt har registrert over 22 aktivitetar. I tillegg blir det rapportert om høgare trivsel i klasseromma, og auka trafikk til biblioteka og aktivitetsparkane i kommunen.

Ei jente og ein gut sitt ved pulten og skriv. Guten ser på læraren, og læraren smiler mot guten.
Innimellom aktivitetane blir det også tid til litt skriving ved pulten.

Elevane fortel

- Ræser er veldig gøy, og så er det bra at vi kan vinne premiar. Det motiverer mange barn. Eg blir veldig glad av å få poeng og gå opp eit level, seier Amalie (8).

Saman med klassekameratane Håkon og Noah er ho akkurat ferdig med ein skoletime der dei har lært om hjartet, men også  leika epleslang, vampyrleik og dansa limbo ut av klasserommet. No er dei klare for friminutt og å sanke endå fleire ræserpoeng.

Ei jente og to gutar i 3. klasse sit på rekke og snakkar med ei kvinne som skriv i ei blokk.
Amalie, Håkon og Noah ville gjerne fortelje om Ræser.

Dei tre 3. klassingane fortel at dei ofte registrerer aktivitet utanfor skoletida også. 

- Eg har ein aktiv familie, vi er ofte ute på ski eller på tur. Heldigvis har eg veldig god hukommelse og kan hjelpe mamma med å hugse ting som vi skal registrere, fortel Håkon. 

For det er jo viktig å sanke dei poenga ein kan.

Skryt frå byråden

Som elevane er også byråd for oppvekst og utdanning Lucie Katrine Eidem begeistra for ræsertilbodet.

- Eg er veldig glad for at vi har lagt til rette for frivillig deltaking i ræserturneringa for skulane våre. Eg har sett engasjementet og gleda som dette har skapt for mange elevar og tilsette, seier Eidem. 

Ræser er eit samarbeid mellom Trondheim kommune og Trøndelag idrettskrets, finansiert av samfunnsutbyttetfondet til Sparebank 1 SMN. Byråden seier det er flott at SMN deler av sitt overskot med lokalsamfunnet. 

- Det er også godt å sjå at det har vore jobba med “laget” rundt skulane, mellom anna ved at skolehelsetenesta med fysio- og ergoterapeutane er viktige bidragsytarar, seier byråden.

Oppvekst og utdanning

Idrett, kultur og fritid

Fant du det du lette etter?