Samane sin nasjonaldag markert med avduking av historisk fotografi
Kaffiost, kofter og avduking av eit historisk fotografi stod sentralt under den offisielle feiringa av samane sin nasjonaldag i Trondheim.
Sist oppdatert: 06.02.2025
![Ei kvinne og en mann kledd i kofter trekker av et rødt forheng som dekker til et fotografi. Mange rundt tar bilder av det som skjer.](/contentassets/ebe770dbec85400e80bfe33a5c729463/avduking.jpg?mode=crop&scale=both&quality=80&format=webp&width=650)
- Dette fotografiet er Sápmis “Eidsvoll 1814”, sa sametingspolitiker Ellana Ristena Risten.
Saman med musikar Ole-Henrik Bjørkmo Lifjell avduka ho det historiske fotografiet av det første samiske landsmøtet i Trondheim, 6. februar 1917.
Avdukinga skjedde på same stad som møtet blei halde, i Metodistkyrkja i Trondheim.
- Dette er ein viktig minnestad for Sápmi, Noreg og norsk historie. Eg er så inderleg takknemleg for dei som førte kampen, for familiane og dei som la til rette. Dei visste at dette var riktig, og dei visste at dette var viktig, sa Ristena Risten.
![Musikar Ole-Henrik Bjørkmo Lifjell, dagleg leiar i Metodistkyrkja Anne Jorunn Midtkil, prorektor ved NTNU Marit Reitan, varaordførar Erling Moe og sametingspolitikar Ellana Ristena Risten.](/contentassets/ebe770dbec85400e80bfe33a5c729463/historiskfoto_avduket.jpg?mode=crop&quality=80&scale=both&format=webp&width=730)
- Den samaiske nasjonaldagen er ein viktig dag å markere for oss i Trondheim. Samisk kultur er ein sentral del av den historiske og kulturelle arven til både byen og regionen, og den er det viktig at vi greier å ta godt vare på. Eg ønskjer å gratulere alle saman så mykje med dagen, og ser fram til å ta del i feiringa, seier ordførar Kent Ranum.
Bålpanne og kaffiost
Det offisielle programmet for samane sin nasjonaldag i Trondheim strakk seg frå morgon til kveld. Nokre timar tidlegare hadde sametingspolitikaren ein improvisert innføring om dagen til ei turistgruppe som passerte forbi Elsa Laula Renbergs plass.
Akkurat som det ikkje var tilfeldig med fotografiet i Metodistkyrkja, er det heller ikkje tilfeldig at det er akkurat her nasjonaldagen startar med kaffiost og bålpanne.
![Ei kvinne i kofte snakker til en gruppe på ca 20 mennesker.](/contentassets/ebe770dbec85400e80bfe33a5c729463/turistgruppe.jpg?mode=crop&quality=80&scale=both&format=webp&width=730)
I si tid stod Elsa Laula Renberg i spissen for det første samiske landsmøtet i 1917, som samla samar frå Noreg, Sverige, Nord-Sápmi og Sør-Sápmi. Renberg var sørsame, og budde i løpet av livet sitt både på norsk og svensk grense av Sápmi.
- Det er meir og meir folk som kjem innom, og det er meir og meir venlegheit. Vi opplev meir inkludering, og at folk vil feire dagen med oss. Det set vi pris på, sa Ristena Risten.
![En stor bolle med hvite ostekuber](/contentassets/ebe770dbec85400e80bfe33a5c729463/kaffiost.jpg?mode=crop&quality=80&scale=both&format=webp&width=730)
Også leiar av Trondheim sameforening Stig Vikan var tilstades. Han opplever at stadig fleire folk deltek i markeringa av nasjonaldagen.
- Vi er kjempeglade for at stadig fleire markerer dagen på kryss og tvers i byen, sa Vikan.
- Samtidig er det viktig for meg å seie at eg er mest opptatt av samefolkets kvardag. Der har vi framleis ein jobb å gjere i Trondheim. Det burde vere like naturleg å ha på seg ei kofte som ei Rosenborg-drakt. Men eg opplever at vi er på rett veg.
![To kvinner og ein mann, alle kledd i kofter, pratar saman og er i godt humør.](/contentassets/ebe770dbec85400e80bfe33a5c729463/baalprat.jpg?mode=crop&quality=80&scale=both&format=webp&width=730)
Unikt fotografi
Fotografiet som no heng i Metodistkyrkja i Trondheim er det einaste biletet som blei teke i møtelokalet i 1917. Fotografen var Fredrik Hifling-Rasmusen.
I 2024 blei fotografiet innlemma i Noregs dokumentarv - eit register over unike og viktige dokument for landet si historie. På møtet deltok drøyt 150 personar, og minst 40 av dei var kvinner.
- Dei som er fotografert ser alle rett i kamera. Dei viser eit alvor, og dei viser styrke. Dei ser ut til å vere klar over at dei er med på ei historisk hending, sa varaordførar Erling Moe under avdukinga.
- Vi lever i ei tid der historisk bevisstheit er viktigare enn nokon gong. Dei lange linjene i historia skal vi ta med oss inn i framtida, sa Moe.
![mange folk, nokon i kofte, tek bilete av fotografiet som heng på veggen](/contentassets/ebe770dbec85400e80bfe33a5c729463/storinteresse.jpg?mode=crop&quality=80&scale=both&format=webp&width=730)